UF på Klepp 09.01.10 20/02/2010
![]() Tjueti raser forbi! BiG Team er stadig på farta, ivrig og på jakt etter nye stader å besøkje for å spreie det glade bodskap. Det gjekk under eitt døgn frå skuleovertakinga (SOT) var ferdig til me sat kursen vestover mot ungdomsforeininga på Klepp Bedehus, populært kalla UF. Klepp(!) Bedehus ligg på Kleppe(!!) i Klepp(!!!) kommune (orginalt... Takk til Helge for veiledning!) på Jæren i Rogaland, så alt låg til rette for at dette skulle bli eit spanande oppdrag. Her hadde me informasjon/reklamestunt om bibelskulen og alt det flotte bibelskulen kan tilby, før me elegant gjekk over i det som verkeleg betyr noko. (Joda, sjølvsagt betyr Bibelskulen i Grimstad svært mykje, men det heiter likevel ikkje Faderen, Sonen og Den Heilage Ande – og Bibelskulen i Grimstad...). Tema for kvelden var bøna Jesus lærer oss i Matteus 6:7, ”Fader vår”. Gjennom song, drama, bibelpantomime, vitnesbyrd og bønevandring drog me fram ulike sider ved denne flotte bøna. Det er så lett for at ”Fader vår” blir ei fellesbønn me ber saman som ei forsamling, men ”Fader vår” er så absolutt ei personleg bøn. Me ville formidle kva ”Fader vår” faktisk handlar om, slik at det ikkje blir ei bøn me ber utan å tenkje vidare over kva me faktisk ber om. For riket er Hans, og makta og æra i all æva! Etter fellesskap med fokus på Gud gjekk med ned i kjellaren på bedehuset og hadde fellesskap med kvarandre. Der gjekk praten laust og fast rundt ein Grandiosa eller eit billiardbord. Me storkoste oss med gjengen på UF og var særs nøgd med at dette er jobben vår dette året! Ein stor takk til Eirik, som er eittåring på UF, for invitasjon og god innsats, og ikkje minst til mor&far Slyk for ypperlig kost&losji. |