BiG Team
 
Publisert: 15. november 09

Den 6. november, omtrent midt i TT-veka med undervisning, retreat, sosiale kveldar og kontant underskot på søvn, sette me kursen mot Tønsberg by i den nye, flotte teambilen vår! For somme av oss skulle dette verta fyrste gong på stand for BiG, så det er nok ikkje å overdrive når eg samanliknar det med fyrste skuledag eller eit kongeleg besøk. Nei, me skal på ingen måte sjå smått på det...

Med pakka bil og Tarje bak rattet, ankom me Slagenhallen utpå ettermiddagen. Me rigga opp standen vår, og synes me var både raske og fekk eit godt resultat. Sidan me «tilfeldigvis» ikkje var registrerte på førehand, fekk me den einaste plassen som var att; i gongen med inngongsdørene til hallen der alt skulle gå føre seg. Det kunne faktisk ikkje vorte betre!

Dette var standen vår: ein stykk smilande Marit (i oransje t-skjorte), BiG-kulepennar, «digg på BiG» på skjermen og i høgtalarane, Tarje som spreidde god stemning (tross oransje t-skjorte), populær «snake»-konkurranse med heftig sjokoladepremie, BiG-refleksar, Terje i oransje t-skjorte, ein barkrakk, utallige «Hei, har du høyrt om Bibelskulen i Grimstad»-replikkar, ungdom som febrilsk prøvde å snike seg forbi standen utan å verta stoppa, Asbjørn som stoppa alle som prøvde å snike seg forbi standen vår, «Jeg digger deg»-filmen, Silje Maria som delte ut BiG-brosjyrar til folk som skulle inn på møtet (og som sjølvsagt prøvde å late som om dette var program for kvelden – veldig effektivt!), BiG-drops, X antall framtidige, noverande og tidlegare BiG-elevar, litt for mange «Kor gammal er du? 14? Ah... Har du vurdert bibelskule om 5 år?»-replikkar, GODE AUGEBLINK.

No tenkjer du nok: «Å nei, kvifor var eg ikkje innom standen? Der gjekk eg verkeleg glipp av noko!» Ikkje fortvil, kjære fortvilte ven, me skal stå på stand fleire gonger! Til dømes skal me på ein ei vekes turné langs vestlandskysten på «dei kristne skulane» der, og stå på stand kvar dag, samt på Impuls i Stavanger i januar. No har du rett og slett ikkje noko å skulda på lengre, så kom og få ein drops, for å høyre «digg på BiG» nok ein gong, eller for å prata med oss! Hey så lenge!
 


Comments




Leave a Reply