BiG Team
 
Sjølv året 2009 måtte ein ende få, og starten på 2010 vart på mange måtar ein real opptur for BiG Team. I alle fall for oss 4 (alle minus Asbjørn) som var friske nok til å returnera til bibelskulen i god nok tid til å få vere med på SOT (Skuleovertakinga).
        Kanskje er du typen som nett no vart litt uroa då du såg ordet ’skuleovertaking’ koma til syne. Nei, me har slettes ikkje kasta ut lærarane, i alle fall ikkje for eit lengre tidsrom enn ei veke. Når sant skal seiast (og det lærer me at det alltid skal på bibelskulen),  så var det ganske så friviljug at lærarane drog på tur for å planleggja våren og for å verta litt meir samansveisa (om mogeleg).
        SOT – eller skuleovertakinga, er ei veke der tidlegare elevar, samt BiG Team er lærarar på bibelskulen. Veka inneheldt blant anna god, livsnær undervisning, sosiale krumspring, lek og moro, gode samtalar, krossamling og gruppesamtalar. Det er ei veke som plar å bety særs mykje for elevane.
        For oss i BiG Team, så vart det både utfordrande og kjekt å gå inn i ei slags ny rolle som ”o store lærarar” for ei veke. Me var forventningsfulle, spente og nok litt utrygge i starten, men med god oppbacking frå resten av SOT-teamet, samt samtale oss imellom, vart det både bra og kjekt.
        …Og Asbjørn kom, etter mykje forbøn, tilbake då veka var omme, og lev no i beste velgåande blant gode team-vener!


 


Comments




Leave a Reply