BiG Team
Apriltur - Del 1 11/05/2010
 
Det er ingen tvil om at tida flyg i godt lag. Plutseleg er det april, vår, og tid for årets siste langtur med teamet. Me hadde planlagt og gleda oss til å sjå meir av Gud, kvarandre og til å knytta nye relasjonar rundt omkring i landet, og til å køyre den sylvgrå caravellen vår langs den fjordrike og fagre vestlandskysten og over det moskus-tomme Dovrefjell (ja, Silje Maria var i alle fall litt snytt…). 


Her følgjer ein oppsummering frå  kvar plass me har vore innom. Så det er berre til å setje på ”O Vestland, Vestland” med Sissel Kyrkjebø i bakgrunnen, og nyta kvart bilde og kvart ord. Betre enn dette vert det ikkje! 
 

Picture
TYSVÆR

Turen starta med at fire respektive  teammedlemmar kom til Skjoldastraumen, nærare bestemt Erland Gard påskeafta ettermiddag. Silje Maria var vert, og kunne tilby både topptur, kvalitetstid med familien Selvåg, dagstur til Haugesund og avslapping. Det var GODT å sjå kvarandre att.
(ps. han 5. tar bilete)

Picture
Gudstjeneste
Søndag 1.påskedag hadde me vårt første oppdrag på denne turen: G19 ungdomsgudsteneste i Aksdal Kyrkje. Teamet var, naturleg nok, påske, og det var ein flott og innhaldsrik gudsteneste. Lokale krefter var i sving i form av ei gospelgruppe, me fekk høyre om Guds virke gjennom to thailandske jenter sine vitnesbyrd. Dessutan hadde Asbjørn laga eit samandrag av påskebodskapen i filmformat, Terje tala om kor stor Gud er, Marit hadde ein mektig lystenningsseanse som vart avslutta med Deg Være Ære! Silje Maria var hovudansvarleg. Ein kjempefin kveld med fleire gode pratar, møte med Gud, herleg lovsong og påskebodskapen i pose og sekk. Eg kan endå kjenne kor godt det var å syngje ”Deg være ære, Herre over dødens makt! Evig skal døden være Jesus underlagt!” Takk, O Store Gud!
 


LEKNES

Tirsdag morgon drog me nordover, nærare bestemt til Tarje på Leknes, der fleire av oss fekk oppleva Fløybanen for første gong, og me møtte Siri som gjekk på hovudkullet med oss i fjor. Veldig kjekt!!.
 


Comments




Leave a Reply